5. mai 2011

Ukens designer (8)

En lilla dinosaur var det første som fanget blikket mitt, deretter en liten grå kanin. Disse håndlagde ulldyrene er laget av resirkulerte materialer (hurra!) og er full av liv og sjarm! Man trenger slett ikke å ha barn for å kjøpe disse søtingene.
Nederst i innlegget ligger link til blogg & butikk, så husk å klikke innom!




UKENS DESIGNER: Elisa Kolle | Blåbær




Eg heiter Elisa, blir ganske snart 35 år og bur i eit lite rødt hus i skogkanten utanfor Bergen. Eg har mann, to barn, to kattar og ein liten hønseflokk i hagen. 




Eg er universitetsutdanna og har ingen formell designbakgrunn. Men eg har halde på med formgiving i ein eller annan form sidan eg var liten, særlig med vekt på tekstilar. Då eg var gravid med dotter mi for om lag fire år sidan vart skapartronga retta inn mot born, og det første kosedyret eg laga til henne var ein liten terrier i tweed. Den var starten på ulldyrprosjektet mitt, og sidan har det blitt mange fleire! 


 

© Blåbær

© Blåbær



Når eg skal lage ein ny modell byrjar eg med å skisse. Det er viktig for meg at ulldyret ivaretar ein del særtrekk frå det ekte dyret, så eg brukar mykje tid på å kikke på bilete i dyrebøker og på nett. Når eg er fornøgd med skissene mine byrjar arbeidet med å oversette det til tredimensjonal form. Å bryte skissa ned i mønsterdelar kan vere litt av ei utfordring men også veldig moro. Etterkvart har eg lært meg ein del knep og teknikkar, men det må likevel mykje prøving og feiling til før eg er tilfreds med forma. Det ender ofte med ei heil rekkje prototypar der ein kan sjå utviklinga frå første forsøk til endeleg resultat. 


Eg hentar naturleg nok mykje inspirasjon frå dyreriket. Illustrasjonar i gamle barnebøker og naturhistoriske oppslagsverk får det ofte til å klø i fingrane! Elles er også ungane mine ei bra kjelde til inspirasjon. Apedokka mi vart først sydd som julegåve til dotter mi, ho ville vere Pippi på karneval og ønska seg ein Herr Nilsson som skulle passe til antrekket…

Eg hentar også ein del inspirasjon frå materiala eg brukar. Dyra mine er sydde av resirkulerte ullplagg, og ideen til kvalen min kom då eg hadde ein lammeullsgenser i ein vakker, mellomblå nyanse mellom hendene.

© Blåbær
© Blåbær


Så langt har det jo vore dyr som står i fokus. Men i tankane har eg begynt å bevege meg over på andre felt. For det første har eg lyst til å eksperimentere med meir abstrakte former, tekstile skulpturar om du vil, som ikkje er tenkt som leiketøy. For det andre har eg veldig lyst til å prøve meg på fleire dokkefigurar, eg har mellom anna ein idé om Rødhette i forseggjort tøydokkeform som eg håpar eg skal få satt ut i livet snart.

Ulldyra er nok berre ein hobby for meg, sjølv om den er rimelig altoppslukande! Eg hadde fødselspermisjon fram til januar i år, det var eit produktivt år. Men no er eg i jobb igjen og har diverre ikkje så mykje tid til overs lengre. Kanskje eg får moglegheit til å satse litt meir på det etterkvart?
Ulldyra mine tilsals i nokre få butikkar, og eg er for tida på utkikk etter fleire utsalsstader.


Blåbær sin blogg + butikk 

7 kommentarer:

  1. For en herlig ny oppdagelse for meg! Ser ut som fantastike produkter, dyrene ser virkelig "levende" ut, med masse personlighet!

    SvarSlett
  2. Ai ai, så flotte ting =)

    Mvh Siv

    SvarSlett
  3. Hjertens enig med dere! Jeg har ikke fått oppleve dyrene i "levende live" riktig enda, men det vil jeg snart få anledning til. Det morsomme (og det oppdaget jeg etter at jeg hadde spurt Elisa om å være med på tråden) er at min gode venninne Anne Elisabet skal begynne å selge en del av dyrene hennes her i Bergen!

    *gleder meg*

    SvarSlett
  4. Elisas kreasjoner er helt nydelige! Hun er virkelig flink! Gøy å bli litt bedre kjent med henne gjennom intervjuet :)

    SvarSlett
  5. Fantastisk fine ting. Hvalen var nydelig!

    SvarSlett
  6. Disse er nydelige! GO Elise! :)

    SvarSlett

Jeg blir veldig glad om du vil legge igjen en kommentar:)

LinkWithin

Related Posts Plugin for WordPress, Blogger...